100 år siden første seilas på Milde – et historisk tilbakeblikk av Kjell Milde

I år er det 100 år siden den første regatta ble holdt på Milde. Kjell Milde har laget følgende historiske tilbakeblikk:

Milde Båtlag ble stiftet 8. mai 1928. Men allerede i 1924 ble den første regatta arrangert, og dette fortsatte med årlige regattaer.

Referat frå den fyste kappsigling på Milde 6. juli 1924.

Milde båtlag hadde bode inn til kappsigling med færingsbåtar på Fanafjorden.

Pent roleg ver. Ein svak bris som stillna av etter kvart. Startlina var avmerka frå Mildekaien til Giljeneset. Derfra gjekk laupet om bøya med Haugsneset, om bøya utanfor Botnaviki og om bøya med Herøyodden og inn over startlina. Straks etter at alle båtar var starta vart det stilla og båtane dreiv med straumen. Då dei fleste båtar var komme om bøya ved Botneviki bar straumen sterkt ut, so det bar til fjords med mange, og dei tok derfor ned segli og rodde heim.

Nokre båtar kom inn att yver mållina.

Desse båtar starta:

4de kl. 8 kvm.              Møllerup H. Milde, Alfred Lerøy, Mikal Lerøy, Kristian Hjellestad, Ingebr. Lepsøy, Mons L. Hjellestad.

3dje kl. 10 kvm.          Ingebrikt Lerøy, Sigurd Hjellestad, Jakob Naustdal, Anders M. Hjellestad, Karsten Lerøy d.y.

2den kl. 13 kvm.          Johan Nielsen (Iris), Jan Lerøy.

1ste kl. 15 kvm.           Per Lund (Hardy), David Hanson.

I alt 15 båtar.

Desse båtar fullførde laupet og fek premiar:

1ste kl. (15 kvm. segl): 2 båtar starta.

Per Lund (Hardy)          4.36.30            1ste pr.

2den kl. (13 kvm. segl): 2 båtar starta.

Johan Nielsen (Iris)       4.22.15            1ste pr.

3dje kl. (10 kvm. segl): 4 båtar starta.

Jakob Naustdal             3.56.30            1ste pr.

Sigurd Hjellestad          4.17.00            2dre pr.

4de kl. (8 kvm. segl): 7 båtar starta.

Kristian Hjellestad        4.10.00            1ste pr

Møllerup H. Milde ekstrapr. for god start, 9 sek. etter startskot.

Mykje folk hadde møtt fram og såg på siglingi.

Domsmenn var O. M. Drange og Jens Meidell Milde.

Sundag 13. juli 1924 vart det halden oppatsigling avdi ein var so uheppen med vinden fyrre gong. Det bles ein frisk bris, mesta kuling av sudaust til aust. Alle båtar bar fulle segl. Ein fekk røyna både båtarne og segli. Laupet gjekk greidt frå fyrst til sist. Rett nok kollsiglde Per Lund på prøvetur straks fyre starten på Mildevågen, so han vart ikkje med, men det skræmde ikkje dei andre frå å leggja ut.

Hr. skipsreidar Leif Erichsen fylgde laupet heile tidi med motorbåten sin, um so skulde henda at nokon gjekk rundt. Alle siglarane er han visseleg stor takk skuldig for dette. Dessutan fekk både dommarar og åskodarar halda til på den vakre eigedomen hans på Milde, og derifra kunde dei sjå heile laupet.

Siglingi siste gongen var svært spenande.

Desse båtar starta:

4de kl. 8 kvm.              Alfred Lerøy, Mikal Lerøy, Kristian J. Hjellestad, Lepsøy, Mons Hjellestad, Johannes Skibenes.

3die kl. 10 kvm.           Sigurd Hjellestad, Jakob Naustdal, Ivar A. Lønningen, Anders M. Hjellestad.

2den kl. 13 kvm.          Johan Nielsen (Iris), Ingebrikt og Jan Lerøy på ein båt.

1ste kl. 15 kvm.           Per Lund (Hardy), starta ikkje.

Resultatet ser soleis ut:

                                   4de kl.:

                                   Kristian J. Hjellestad                0.57.37             1ste pr.

                                   Mikal Lerøy                             0.58.57             2dre pr.

                                   Alfred Lerøy                            0.59.00             3die pr.

                        3dje kl.:

                                   Jakob Naustdal                         0.46.15             1ste pr.

                                   Sigurd Hjellestad                      0.46.48             2dre pr.

                        2den kl.:

                                   Johan Nielsen (Iris)                  0.41.12             1ste pr.

                        1ste kl. starta ikkje.

Startpremie for god start Jakob Naustdal 1 sek. etter startskot.

Domsmenn var O. M. Drange og Nils Haukeland.

Til premiar vart det samla inn noko pengar på ei lista.

Kilde: Møtebok for Milde Båtlag 1924 – 1963 og Gula Tidend, tirsdag 15. juli 1924.

Skroll til toppen